Mojim 歌詞
Mojim 歌詞 > 欧州米国の歌手 > Bjorn Eidsvag > その他 > Ein fin liten blome

Bjorn Eidsvag



歌詞
アルバムリスト

Bjorn Eidsvag

Ein fin liten blome

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
I granskogen diger og dryg,
Og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei ottast du ikkje i skogen stå gøymd.
Der skuggane tyngje deg må?
-Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
-Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome eg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
もっと沢山の歌詞は ※ Mojim.com
med honom eg kjenner men sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gler meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong,
i morgonen ævele klår.
Og blanda med heilage englar min song
i himmele, dit døden ei når!